Fannefjord VGS er blitt eit Miljøfyrtårn!
I slutten av september 09 vart skolen sertifisert som Miljøfyrtårn-verksemd.
Høsten 2008 starta Fannefjord vgs prosessen med å bli ei miljøsertifisert verksemd. Utover generelle miljøkrav til både det fysiske og det psykiske arbeidsmiljøet, skal skolen vere aktiv med omsyn til fleire mijløspørsmål. Vi skal tenkje på miljøet ved innkjøp, etterspørje økologiske matvarer, begrense kopiering, ha ei god handtering av avfall og leggje til rette for bruk av sykkel.
Sertifikatet er no sendt til signering. At vi no er blitt eit miljøfyrtårn skal bli markert. Dette kjem vi tilbake til!